Velkomne til oss!

Alle har noko å gi og alle treng ei hand. Vi brenn for at menneske skal møtast og gjere kvarandres liv rikare. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats kan vise seg å vere meiningsfullt for deg!

Vi låner ut romma våre

Rutinar for utlån:

Om du ønskjer å låne rom hjå oss, ta kontakt med leiar i Frivilligsentralen, Solveig, på telefonnummer 45375246 eller på mail, frivilligsentral@osteroy.kommune.no. Ver spesifikk på kva rom du ønskjer eller har behov for, så hjelper eg deg.

Den som låner rom må vere over 18 år.

Nøklar lånast ut frå biblioteket i deira opningstid. Du må ha lånekort i biblioteket for å låne nøklar. Om du ikkje har lånekort, så hjelper dei deg på biblioteket.

Om du skal arrangere noko som krev tilkopling til skjermer, lydanlegg, teleslynge eller anna, så gi beskjed om det, så skal vi syte for at du vert vist korleis du gjer det.

Utlån må avtalast seinast to døgn før sjølve lånet. Måndag må avtalast seinast fredag.

Romma har gratis wifi med sms-autentisering.

Kan du bidra?

Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig. Du kan gi beskjed på fleire måter:

- Ring Solveig på 45375246 eventuelt send en epost til solveig.hojem@osteroy.kommune.no

eller

- Melde deg ved å trykke på ein av boksene under.


Dersom du ynskjer hjelp til småting kan du:

- Ringe Solveig på 45375246 eventuelt send ein epost til solveig.hojem@osteroy.kommune.no

eller

- Trykke på knappen der det står eg treng hjelp. Trykk deg deretter inn på småjobber og fyll ut skjemaet.

Kva skjer?

Dato Kl. Tittel Sted
Man 06.05 13:00 Ope dør i frivilligsentralen! Osterøy Frivilligsentral
Tir 07.05 13:00 Ungdomsklubben Osterøy bibliotek - Lonevågen 5
Tor 09.05 09:30 Ope dør i frivilligsentralen! Osterøy Frivilligsentral
Tor 09.05 11:30 Pensjonisttreff for flyktningar i sentralen Lonevågen 1
Fre 10.05 10:00 Lesestund i biblioteket Osterøy bibliotek

Aktivitetar

Her finn du litt informasjon om det vi driv på med i sentralen. Klikk for mer info.

Vi treffes og har det kjekt i lag!

Les mer

Vil du hjelpe til i konfirmantundervisninga på Osterøy?

Les mer

Du kan bidra til å auke læringsutbytte for elevar ved Osterøy integrerings- og læringssenter.

Les mer

Kvar torsdag er det pensjonisttreff i sentralen for mennesker med flyktningbakgrunn.

Les mer

Har du lyst til å bidra litt for andre som treng litt hjelp? Ønskjer du å bere inn litt ved for nokon kanskje? Flytte på ein kommode?

Les mer

Om oss

Osterøy Frivilligsentral er ein livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig møteplass i Lonevåg sentrum. Sentralen har eigne aktivitetar, men vi samarbeider også med lag, organisasjonar og forbund på Osterøy. Ta kontakt via telefon, mail, sosiale media eller kom innom oss i sentralen. Opningstider finn du øvst på nettsida vår, i dokumentet Om sentralen.

2024 © Osterøy frivilligsentral