Lansering digital foreningsportal Osterøy!

No skal alle snart finne informasjon om akkurat ditt lag og dykkar aktivitetar med få tastetrykk! Mot slutten av februar opnar vi opp for at lag, organisasjonar og forbund kan registrere seg i foreningsportalen Osterøy!

Alle organisasjonane på «øyne» på ein plass: Foreningsportalen Osterøy!  

I 2024 leiter alle etter informasjon på internett! Finn me DIN informasjon der? 

  • Foreningsportalen Osterøy er ei digital plattform der alle lokale lag, organisasjonar og forbund kan registrere seg og sine aktivitetar.  

Kva skal ein finne der? 

Jo, ein skal finne: 

  • Kva DIN organisasjon gjer! 

  • Dykkar aktivitetar – i eigen kalender (legg inn det de vil). Med kalenderoppføring knytt til dykkar lag vil det vere lettare for ostringar å sjå kva dei kan delta på. 

  • Kven ein skal kontakta om ein vil vera med! 

  • Det er mogleg å registrere lagshus og næringsdrift i denne løysinga!  

Korleis legg laget ditt inn informasjonen? 

  • Vi kjem til å sende ut ei lenkje på epost til alle dei kontaktpersonar vi har på vår liste i kommunen. Avsendar på denne eposten vil vere solveig.hojem@osteroy.kommune.no. Sjekk søppelepost om du ikkje finn epost frå oss.  

  • Du som får denne invitasjonen i posten, enten som brev eller digipost treng vi epostadresse til! Du tar kontakt via kontaktinformasjonen oppgitt i invitasjonen.  

  • Ved å opne denne lenkja kjem du rett inn i din eigen organisasjon. Derifrå kan du redigere og oppdatere informasjon.  

Det er Osterøy Frivilligsentral, ved frivilligkoordinator Solveig Hojem, som er ansvarleg for plattforma i kommunen. 

Treng du hjelp så tar du kontakt med Solveig her: 

  • Telefon 45375246 kvardagar 9.00-15.30 

  • Open dør i Frivilligsentralen måndagar 13.00-17.00 og torsdagar 9.30-13.00. Adresse Lonevågen 1, 5282 Lonevåg 

  • Epost solveig.hojem@osteroy.kommune.no 

2024 © Osterøy frivilligsentral