Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Osterøy Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nytter informasjon om personer. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.


Innleiing

Ved Osterøy Frivilligsentral er vi opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi behandler dine personopplysningar. I denne personvernerklæringen informerer vi om korleis vi innhenter, oppbevarar og nytter personopplysninger. Vårt mål er å være heilt opne om dei dataa vi samlar inn og gi deg ei forståing for korleis desse dataa nyttast og eventuelt delast.

Kva opplysningar vi samlar inn og behandlar

Informasjon om våre frivillige

Vi i Frivilligsentralen heldt kontakt med dei frivillege og formidlar frivilleg innsats. Derfor har vi eit register over dei frivillige, der dei frivillige sjølv gir sitt samtykke til lagring av desse opplysningane.

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltek på

Frivillige som ønskjer det, får tilgang til å logge inn på systemet, og kan da sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å gjere kontakten mellom de frivillige enklare.

Vi syter for at alle våre frivillige underskriver erklæring om teieplikt og innhenter politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar vi informasjon om erklæring om teieplikt og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når vi formidler frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng vi å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestene. Dette gjer vi for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere gode tenester.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng vi av og til å vite kva personer som deltar. Her lagrer vi for det meste kontaktinformasjon. Deltakarar kan verte bedt om å oppgje allergiar og liknande, dette er for å sikre ei trygg gjennomføring for alle som deltek.

Informasjon om dei som besøker nettsidene våre

For dei som besøker våre nettsider, samlar vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi benytter Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressen anonymiseres ved at vi sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon foregår over sikker forbindelse med https.

Informasjon om dei vi er i kontakt med

Vi lagrar ofte telefonnummer og e-post til dei vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgående e-poster for arkivbehov. Vi har ikkje noko sentralbord, men nytter ein mobiltelefon som hovudnummer.

Kven deler vi personopplysningar med?

Vi deler informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der vi meiner det er naudsynt. Elles deler vi ikkje personopplysningar med nokon utanfor Frivilligsentralen.

Dine rettigheiter

Personer som har personopplysninger hos Osterøy Frivilligsentral kan be om følgande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkommande
  • Slette opplysningar som vi ikkje lengre har grunnlag for å oppbevare
  • Begrense eller stoppe behandlinga av dine opplysninger

Ta gjerne kontakt med oss om du vil ha mer informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Om du meiner at vi behandlar personopplysninger i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller ordne opp i eventuelle misforståinger.

Kontaktinformasjon

  • Osterøy Frivilligsentral
  • Org.nr: 864 338 712 
  • Kontaktperson
    • Solveig Hojem, dagleg leiar
  • Telefon: 45375246
  • E-post: frivilligsentral@osteroy.kommune.no
  • Adresse: Lonevågen 3, 5282 Osterøy


2024 © Osterøy frivilligsentral