Erklæring om teieplikt

Menneske som tar oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert erklæring om teieplikt.

Erklæring om teieplikt

Eg forpliktar meg frå no av til ikkje å nytte, gjere kjend, utlevere eller på anna måte gjere tilgjengeleg for uvedkommande, informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid knytt opp til frivillgsentralen.

Eg vil også vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg vert kjend med eller erfarer under mitt arbeid. Personlege opplysningar som er gitt av ein brukar i forbindelse med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke fra brukaren nyttast internt. 

Eg har lest dei lovbestemmelser som er anført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelova sitt kapittel 21 § 209 og 210, samt Helsepersonellova sitt kapittel 5, spesielt § 21. Eg er kjent med at brot på desse bestemmelsane kan føre med seg straffeansvar.

Eg er og klar over at teieplikta gjeldt både i den tida eg er aktiv i frivilligsentralen, men og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Retningsliner

Som frivillig forplikter eg meg vidare til å: 

  • seie ifrå om eg er sjuk, eller av anna grunn er forhindra frå å møte
  • seie ifrå om noko ikkje fungerer som det bør/skal
  • seie ifrå når eg ikkje kan fortsette mitt engasjement, også ferie / opphald 
  • seie ifrå når eg vil slutte

Eg er kjend med og godtar at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgingsansvar og derved har krav på å høre korleis kontakten med brukeren går. 

Relevante lovsteder

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omfattar helse- og sjukdomsforhold, kjensleliv, livssyn og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldninger, arbeid og økonomiske forhold, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bustad og arbeidsstad. 

Teieplikta inntrer når brukaren gir slike opplysninger til dagleg leiar, frivillig hjelpar eller styret som ledd i hjelpearbeidet, og når videreformidling av slike opplysningar kan medføre skadeverknad for den det gjeld. 

Bruk på nett

Teieplikterklæringa gjeld også dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

2024 © Osterøy frivilligsentral