Rom i frivilligsentralen

Her finn du informasjon om romma vi låner ut i sentralen

Frivilligsentralen:

I frivilligsentralen finn du både eit møterom med tekjøkken og eit større rom. 

Tekjøkkenet er eit møterom for inntil seks personar. Her finst oppkopling til storskjerm via HDMI-kabel. Vi kan og tilby ein flyttbar skjerm som har hev-senk funksjon.

I salen finn du sitjeplass til 12 personer. Borda kan brettast og setjast vekk ved behov.

Her finn du og ein flyttbar storskjerm med hev-senk funksjon. Skjermen kan koplast til pc via HDMI-kabel. Her kan ein tilpasse bruken til behovet.

Servise til 18 personar, industriell oppvaskemaskin som tar oppvasken på 20 minutter. Kaffitrakter og vannkoker. Moglegheit til å låne rom i kjøleskap så lenge møte/arrangement pågår.

Dei som låner rommet rydder og vasker av bord.

Det er eit toalett i sentralen. Handikaptoalett finn ein til høgre rett innafor inngongen til biblioteket i første etasje.

Tidspunkt for utlån:

Mandag 12.00-20.00, tysdag- fredag 9.00-20.00.


2024 © Osterøy frivilligsentral