Frivillig i konfirmantundervisninga

Vil du hjelpe til i konfirmantundervisninga på Osterøy?

Aldersgruppe: For alle

Tysdag, onsdag og torsdag kvar veke vert det halde konfirmantundervisning på Osterøy. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Det er ein fast tilsett frå kyrkja som leiar dette undervisningsopplegget. Di oppgåve vil bli bestemt i samråd med leiaren for aktiviteten.

Tysdagar er undervisninga på Danielsen Ungdomsskole Osterøy, 15.00-16.30.

Onsdagar og torsdagar er undervisninga i Kyrkjekontoret sine lokalar i Lonevåg, 14.00-16.00.

Tidene kan variere noko, og det kan vere behov for at dei frivillige kjem før dette, eller er igjen etterpå.

2024 © Osterøy frivilligsentral