Besøksven

Mange ynskjer ein besøksven! Det eineste du treng gjere er å vere deg sjølv!

Aldersgruppe: Fra 18 år

Mange opplever at dei er ensomme. Som besøksven gir du litt av tida di til andre som set veldig stor pris på det. Osterøy Frivilligsentral samarbeider med bufellesskap, heimetenesta og andre på Osterøy om besøksvener. Nokon er også private initiativ. 

Du bestemmer sjølv kor mykje tid du vil nytte til denne tenesta. Eit overordna mål for alle er at besøka skal opplevast som gjensidig positive. Det eineste du treng å tenke på er at du skal vere deg sjølv! 

Ta kontakt med Solveig på epost solveig.hojem@osteroy.kommune.no, telefon 45375246 eller kom innom i sentralen om dette er noko for deg.

2024 © Osterøy frivilligsentral