Velkomen til ein sterk og inspirerande kveld med forfattar Anita Østerbø, som har rørt lesarar over heile landet med romanserien Skammens mødre. Serien skildrar alenemødrenes kamp på 50-, 60- og 80-talet, og er basert på sanne historier – blant anna frå Østerbøs eiga familie.
Bøkene Skammens mødre, Tatt av sviket og Frihetens smerte har fått stor merksemd og ligge på bestseljarlistene. Med varme, innsikt og eit sterkt samfunnsengasjement løftar Østerbø fram skjebnene til kvinner som lenge har vore tause i historiebøkene.
Arrangementet gjennomføres i samarbeid med Osterøy folkeakademi, og er ein del av den Kulturelle spaserstokken.
Ta med deg ein ven og kom til ein kveld fylt med litteratur, livshistorier og refleksjon!