Har du lyst å spele trommer eller eit blåseinstrument?
Bli med i Osterøy Skulebrass!
For deg i 3. klasse og oppover – lær å spele, bli med på konsertar og ha det gøy
saman med andre!
Aspirantøving (nybegynnar) måndagar. Vel den øvinga som passar best:
Haus skule: 14.00–14.30
Lonevåg skule: 15.00–15.30
Osterøy ungdomsskule: 17.00–17.30
Har du vore med på Blås i skulen (kornett i musikktimen på skulen)? Då
kan du hoppe over aspirant-året og starte rett i Juniorkorpset!
Øving måndagar kl. 17.45–19.15, Osterøy ungdomsskule.
Skulebrassen er delt inn i aspirant (1. året), juniorkorps (2. og 3. året) og
hovudkorps (til og med året ein vert 19).
Dei ulike gruppene øver både kvar for seg og i lag. Me spelar konsertar, har
helgesamlingar og mange kjekke og sosiale aktivitetar gjennom året! Målet er
alltid å ha det kjekt i lag!
Medlemsavgift:
Aspirant: kr 600 pr. år
Juniorkorps: kr 1000 pr. år
– Dekker undervisning, instrument og noter.
Kom og prøv instrument (uforpliktande) og få informasjon.
Samt utdeling av instrument for dei som vil begynne.
➢ Måndag 25. august mellom 18-19
➢ Måndag 1. september mellom 18-19
Osterøy ungdomsskule
Spørsmål eller påmelding:
osteroyskulebrass@gmail.com eller via Facebook