Onsdag 3 September
Kl. 12:00 - 13:30, Osterøy bibliotek (Lonevågen 5)
Babysong
Babysong er for barn frå 0 - ca.1 år saman med ein vaksen.

På babysong får barnet stimulert dei musikalske sansane. Den vaksne har ansvar for sin baby og babyen er nær den vaksne heile tida. Barn som ikkje er døypte er også velkomne. Kvar samling startar med song- og musikkaktivitetar i 30-40 min. Barna blir opptatt med lydar, bevegelse, instrument og såpebobler. Dei blir kjente med barnesongar, regler og barnesalmar gjennom ulike musikkaktivitetar. Etter songstunda får me tid til å prata saman. Enkel servering.

Helga Askeland Mjelstad leier babysong i samarbeid med ein frivillig medhjelpar

2025 © Osterøy frivilligsentral