Tirsdag 19 November
Kl. 17:00 - 18:00, Osterøy bibliotek
Jordboka for hagen- foredrag med Dag Jørund Lønning
Velkommen til eit lærerikt og inspirerande foredrag med Dag Jørund Lønning. I foredraget formidlar han kunnskap om korleis kan me utvikla hagen med naturen som samarbeidspartnar og kva kan me oppnå om me gjennomfører dette løftet saman.

Det blir eit djupdykk i den levande molda, den alt liv kjem frå og vender tilbake til. 

Kva gjer den for oss, og korleis kan me byggja opp jordlivet? 

Det blir og ei innføring i Mor natur sine reparasjonsverktøy, organismane me kallar «ugras» og «skadegjerarar». Kvifor kjem dei? Kva funksjonar har dei? Og korleis kan me unngå at dei kjem?

 

Dag Jørund er rektor på Høgskulen for grøn utvikling og har gitt ut ei rekkje bøker:

Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre. 2017

Jordboka II. Nærare naturen, inn i det kompostmoderne. 2019

Kompostboka. Om å byggja natur. 2020

Første Losebok. Naturanto. 2021

Jordboka for hagen. 2024

2024 © Osterøy frivilligsentral