Onsdag 30 Oktober
Kl. 18:00 - 20:00, Osterøy frivilligsentral
AVLYST!! Ope innspelsmøte for frivilligheita på Osterøy - Grendaråd og grendating, båtlag og velforeiningar
Er du engasjert i frivillig aktivitet i Osterøy kommune, interessert i å skape eit betre lokalsamfunn, skape møteplassar eller få folk i aktivitet? No i 2024 og 2025 vert det gjort eit arbeid med å fornye frivilligpolitisk plan for Osterøy Kommune. Med på laget ynskjer vi alle organisasjonar, eldsjeler og einskilde frivillige i alle typar aktivitet velkomne til å gi sine innspel. Du kan vere med å sei noko om kva behov frivilligheita har for å kunne fortsetje det gode arbeidet og utvikle seg vidare, og korleis ein kan vidareutvikle samarbeid mellom kommunen og frivillig sektor.

De er invitert til innspelsmøte:

 - Måndag 28.oktober 16.00-18.00. Humanitære lag og andre organisasjonar innan helse (frist påmelding torsdag 24.oktober)

 - Onsdag 30.oktober 18.00-20.00. Grendaråd, grendating, båtlag og velforeningar (frist påmelding måndag 28.oktober)

 - Måndag 4.november 18.00-20.00. Kultur og livssyn (frist påmelding torsdag 31.oktober)

 - Onsdag 6.november 16.00-18.00. Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (frist påmelding måndag 4.november) 

Møta på måndagar vert i storsalen på Osterøy bibliotek, møta på onsdagar vert nede i Osterøy Frivilligsentral og kyrkjekontoret sitt lokale. Passer ikkje oppsett dato for din type aktivitet må du gjerne komme på eit av dei andre møta, vi prøver å legge til rette for at skal gå fint. Vi treng påmelding slik at vi har nok stolar og bord til møta.

 Påmelding og eventuelle spørsmål skal rettast til Osterøy Frivilligsentral på telefon 45375246, eller på e-post frivilligsentral@osteroy.kommune.no 

Litt om gjennomføring av sjølve møta: Kvart lag, organisasjon, foreining, forbund eller enkeltperson får 1,5 minutt til å sei kort kva dei driv med til forsamlinga. 

Møta vert lagt opp i tre ulike deler: 

- Status, kva har vi i dag?

 - Utfordringar, kva opplever vi som vanskeleg i dag? 

- Moglegheiter, korleis vil vi at Osterøy skal sjå ut i 2035? 

Under finn du nokre spørsmål som du kan stille i organisasjonen din, eller til naboen din, slik at du har gjort deg nokre tankar om kva som er viktig for deg/dykk før du kjem på møta. 

1. Korleis er det å vere frivillig på Osterøy i dag?

2. Kva utfordringar ser de i dykkar type organisasjon?

3. Har de store og små tankar om kva Osterøy kommune og frivillig sektor kan få til i samarbeid?

4. Har de andre innspel som kan vere viktig å ha med i arbeidet med frivilligpolitikken? Lett bevertning Vidaresend gjerne invitasjonen til andre som du tenkjer kan vere interessert. 

Vel møtt!

2024 © Osterøy frivilligsentral