Mandag 28 Oktober
Kl. 16:00 - 18:00, Biblioteket
Ope innspelsmøte for frivilligheita på Osterøy - Humanitære lag og andre organisasjonar innan helse
Invitasjon til opne innspelsmøte for frivilligheita på Osterøy! I 2024 og 2025 gjer vi eit arbeid med å fornye frivilligpolitisk plan for Osterøy i åra framover. Ein slik plan er forpliktande for administrasjon og politikarar på Osterøy. No kan du sei kva du mein om det å drive med frivillig arbeid på Osterøy! Vi treng alle innspel i dette arbeidet og dette er frivilligheita sin arena for å komme med smått og stort til arbeidet. Møta vil vere basert på ei tredeling, der vi vil ha fokus på: - Status, kvar er vi no - Utfordringar, kva opplevast vanskeleg og har forbetringspotensiale - Kva moglegheiter ser vi i lag? Om du trykker på lenkja under vil du finne invitasjonen slik den er sendt ut til om lag, forbund og andre organisasjonar. Du som ikkje er organisert er også hjerteleg velkommen! https://osteroy.frivilligsentral.no/irisfile/263705/

De er invitert til innspelsmøte:

 - Måndag 28.oktober 16.00-18.00. Humanitære lag og andre organisasjonar innan helse (frist påmelding torsdag 24.oktober)

 - Onsdag 30.oktober 18.00-20.00. Grendaråd, grendating, båtlag og velforeningar (frist påmelding måndag 28.oktober)

 - Måndag 4.november 18.00-20.00. Kultur og livssyn (frist påmelding torsdag 31.oktober)

 - Onsdag 6.november 16.00-18.00. Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet (frist påmelding måndag 4.november) 

Møta på måndagar vert i storsalen på Osterøy bibliotek, møta på onsdagar vert nede i Osterøy Frivilligsentral og kyrkjekontoret sitt lokale. Passer ikkje oppsett dato for din type aktivitet må du gjerne komme på eit av dei andre møta, vi prøver å legge til rette for at skal gå fint. Vi treng påmelding slik at vi har nok stolar og bord til møta.

 Påmelding og eventuelle spørsmål skal rettast til Osterøy Frivilligsentral på telefon 45375246, eller på e-post frivilligsentral@osteroy.kommune.no 

Litt om gjennomføring av sjølve møta: Kvart lag, organisasjon, foreining, forbund eller enkeltperson får 1,5 minutt til å sei kort kva dei driv med til forsamlinga. 

Møta vert lagt opp i tre ulike deler: 

- Status, kva har vi i dag?

 - Utfordringar, kva opplever vi som vanskeleg i dag? 

- Moglegheiter, korleis vil vi at Osterøy skal sjå ut i 2035? 

Under finn du nokre spørsmål som du kan stille i organisasjonen din, eller til naboen din, slik at du har gjort deg nokre tankar om kva som er viktig for deg/dykk før du kjem på møta. 

1. Korleis er det å vere frivillig på Osterøy i dag?

2. Kva utfordringar ser de i dykkar type organisasjon?

3. Har de store og små tankar om kva Osterøy kommune og frivillig sektor kan få til i samarbeid?

4. Har de andre innspel som kan vere viktig å ha med i arbeidet med frivilligpolitikken? Lett bevertning Vidaresend gjerne invitasjonen til andre som du tenkjer kan vere interessert. 

Vel møtt!

2024 © Osterøy frivilligsentral