«Langsomt ble landet vårt eget» heitte ei historisk utgreiing ved Sverre Steen. Tittelen kunne kanskje med litt omforming også vore brukt om starten og utviklinga i Osterøy kommune. Fire kommunedeler skulle bli til ein ny kommune. Folk som kjente fleire på andre sida av fjorden enn dei i nabobygdene, skulle skape eit nytt kommunalt hopehav.
Geir Kleiveland kan det meste om det som gjekk føre opprettinga av Osterøy kommune. Korleis skulle det kommunale mønsteret setjast, kvar skulle kommunesenteret plasserast og ikkje minst skulane. Skulle det for eksempel bli ein sentralskule for ungdomssteget eller fleire kombinertskular.
Alt dette skulle avgjerast av det første heradstyret. Og då vart det plass for lokale strategar når vallistene skulle rettast. Ostringane var kreative her også.
Vi kan med andre ord glede oss til ei historie med mange detaljar.
Vel møtt!
PÅMELDING OG BETALING
På årsmøtet vart det fastsett følgjande betalingsordning:
1. Kr. 120 for å delta på møta for medlemmer.
2. Kr. 150 for å delta på møta for ikkjemedlemmer
Medlemskap: kr. 50 per år.
Medlemskapet vert automatisk registrert ved betaling.
Møtedeltakarane må velje ei av desse to påmeldingsformene.
Innbetaling kan gjerast på Vipps til konto 120211 eller til bankgiro 36325517055.
Påmeldinga bør helst vere gjort dagen før møtet, men alle som betaler før eller på møtet, kjem inn.