Onsdag 16 Oktober
Kl. 12:00 - 13:00, Biblioteket
Babysong
Velkommen til ei koseleg stund med song, musikk, bevegelse og rytme! Babysong er for barn i i alderen 0 - 1 år. Den vaksne har ansvar for sin baby og babyen er nær den vaksne heile tida. Barnet får stimulert sansane sine. Foreldra kan få tips om korleis ein kan følgja opp dåpen. Barn som ikkje er døypte, er også velkomne.

Me ønskjer å inspirera dei vaksne til å syngja saman med barnet sitt. Kommunikasjonen mellom barn og foreldre blir styrka gjennom konsentrert merksemd. Ein kan delta, sjølv om ein ikkje likar så godt å syngja. Babyen blir opptatt med lydar, bevegelse, instrument og såpebobler. Songstunda startar kl.12 og varer i 30-40 min. Etterpå er det tid for prat og litt kaffi. Då får ein sjanse til å bli litt betre kjent med kvarandre.

Tilbodet er gratis!

Dersom de ønskjer å delta, ver venleg å melda dykk på! 

Det gjer du på denne heimesida: ostery.kyrkja.no - babysong

2024 © Osterøy frivilligsentral