Me ønskjer å inspirera dei vaksne til å syngja saman med barnet sitt. Kommunikasjonen mellom barn og foreldre blir styrka gjennom konsentrert merksemd. Ein kan delta, sjølv om ein ikkje likar så godt å syngja. Babyen blir opptatt med lydar, bevegelse, instrument og såpebobler. Songstunda startar kl.12 og varer i 30-40 min. Etterpå er det tid for prat og litt kaffi. Då får ein sjanse til å bli litt betre kjent med kvarandre.
Tilbodet er gratis!
Dersom de ønskjer å delta, ver venleg å melda dykk på!
Det gjer du på denne heimesida: ostery.kyrkja.no - babysong