Torsdag 7 November
Kl. 18:00 - 20:00, Osterøyhallen
Jobb- og utdanningsmessa 2024 Osterøy
Vi gjentar suksessen og arrangerer jobb- og utdanningsmesse på Osterøy!

I Osterøyhallen 7.november frå kl. 18.00 til kl. 20.00 kan du som utstillar/ arbeidsgivar/ skule og opplæringskontor treffe ungdom som skal velge utdanning og arbeidsøkjarar som er på jakt etter arbeid.


Dette er ei utviding av den tradisjonelle utdanningsmessa som har vore tidlegare.  Messa vert arrangert av Osterøy ungdomsskule, Osterøy vidaregåande skule, Kompetansesenteret for robotteknologi, Osterøy utvikling, Osterøy Industri- og næringslag og NAV.
 
Målet er at verksemdene skal bli meir synlege for å kunne tiltrekke seg kompetanse og arbeidskraft. Vi ønsker å markedsføre jobb- og utdanningsmessa både lokalt og utanfor kommunen, og planlegg mellom anna ei markedsføringskampanje i sosiale medier i forkant av messa. Derfor er det ei lita påmeldingsavgift for å delta på messa. Vi ønsker å tiltrekke oss fleire besøkande og sørge for at de som utstillarar kan nå ut til relevante kandidatar og søkarar.  Dette blir ei «brei» messe på tvers av bransjar i næringslivet/ kommunen/regionen.


Til messa inviterer vi elevar, studentar, arbeidsøkjarar og jobbskiftarar, også personar som bur utanfor kommunen.
 
Opningstid for publikum frå kl. 18.00 til kl. 20.00. Utstillarar kan rigge seg til med stand og utstyr frå 16.30. Av erfaring ser vi at besøkande er tidlig ute, så stand bør vere klar til kl. 17.30.


2024 © Osterøy frivilligsentral