-
Erklæring om teieplikt for frivillige
Dei frivillige som ynskjer å vere registrerte i sentralen må signere erklæring om teieplikt, den tel om den er gjort skriftleg eller digitalt.
Personvernerklæring Osterøy Frivilligsentral
Her kan du lese kva opplysningar sentralen behandlar og oppbevarar og kva betydning det har for degPersonvernerklæring
Dette dokumentet handlar om korleis Osterøy Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nytter informasjon om personar.
Kva opplysningar vi samlar inn og behandlar:
Informasjon om våre frivillige
Vi i frivilligsentralen heldt kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Vi har eit register over kven dei er, der dei frivillige sjølv gir sitt samtykke til lagring av følgande opplysningar:
Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
Kva aktivitetar den frivillige er med i
Kva oppdrag den frivillige deltek på
Kva språk den frivillige meistrar
Om den frivillige har fysiske avgrensingar som er relevante for ulike oppdrag, til dømes, «kan ikkje løfte tungt»
Eventuell politiattest
Vi skal sjå ein politiattest utan merknadar for dei som skal arbeide med barn og ungdom i alderen 0-16 år, og menneske med fysisk og psykisk funksjonsnedsetting. Politiattest skal berre visast, denne skal ikkje oppbevarast i sentralen. Den frivillige søkjer sjølv om attest, men koordinator legg ved føremålsattest ved søknaden. Utfylte data i føremålsattest vert sletta umiddelbart etter føremålsattest er lagt ved.
Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar
Når vi formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng vi å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestene. Dette gjer vi for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere gode tenester.
Informasjon om våre deltakarar
Når sentralen gjennomfører arrangement, treng vi av og til å vite kva personar som deltek. Her lagrar vi for det meste kontaktinformasjon. Deltakarar kan verte bedt om å fortelje om allergiar og liknande, dette er for å sikre ei trygg gjennomføring for alle som deltek.
- Informasjon om dei som besøker nettsidene vår
For dei som besøker våre nettsider, samlar vi inn brukardata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nytter Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa vert anonymisert ved at vi sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon vil gå føre seg over sikker forbindelse med https.
Informasjon om dei vi er i kontakt med
Vi lagrar ofte telefonnummer og e-post til dei vi er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-poster for arkivbehov.
Lagring av fysiske dokument
I vårt fysiske register lagrar vi informasjon om erklæring om teieplikt, dette samtykkeskjemaet og gjennomgått rutine for frivillige. Dokumenta er låst inne.
Enkle skjema for kontaktinformasjon tenestemottakarar vert lagra innlåst.
Kven deler vi personopplysningar med?
Vi deler informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der vi meiner det er naudsynt. Elles deler vi ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.
Dine rettigheiter
Personar som har personopplysningar hos Osterøy Frivilligsentral kan be om følgande:
Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkommande
Slette opplysningar som vi ikkje lengre har grunnlag for å oppbevare
Avgrense eller stoppe behandlinga av dine opplysningar
Ta gjerne kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nedst i dokumentet.
Om du meiner at vi behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller klargjere eventuelle misforståingar.
Kontaktinformasjon
Osterøy Frivilligsentral
Org.nr: 864338712
Kontaktperson: Solveig Hojem
Telefon: 45375246
E-post: frivilligsentral@osteroy.kommune.no
Adresse: Lonevågen 3, 5282 Osterøy
Signatur Dato
_________________________ __________________________