Erklæring om teieplikt for frivillige

Dei frivillige som ynskjer å vere registrerte i sentralen må signere erklæring om teieplikt, den tel om den er gjort skriftleg eller digitalt.

Erklæring om teieplikt knytt til frivillig innsats i Osterøy Frivilligsentral 

Frivillige som tar oppdrag for Osterøy Frivilligsentral må ha akseptert ei avtale om teieplikt. Denne teieplikta er avtalebasert. Ved brot på avtalen vil leiar i Frivilligsentralen ta ein prat med den frivillige. Skjer det brot på avtalen fleire gonger vil leiar vurdere om den frivillige sitt oppdrag skal avsluttast. 

Som frivillig forstår eg at eg kan få kjennskap til informasjon om andre personar og personlege forhold eg elles ikkje ville visst noko om. 

Eg forpliktar meg frå no av til å teie ovanfor uvedkommande om personleg informasjon eg vert kjend med gjennom min innsats som frivillig. Dette gjeld opplysningar om menneske som gjeld helse- og sjukdom, kjensleliv, livssyn og religion, familierelasjonar og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomi, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidsstad, andre forhold som vi kan sjå på som personlege for dei, og elles opplysningar som kan vere skadelege om ein vidareformidlar dei. 

Eg forpliktar meg og til å vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg vert kjend med eller erfarer under min innsats som frivillig. 

Eg er klar over at avtalen om teieplikt gjeld både i den tida eg yter frivillig innsats, og etter at innsatsen er avslutta. 

Bruk på nett 

Erklæring om teieplikt gjeld også dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside. 

2024 © Osterøy frivilligsentral