Velkomne til oss!
Alle har noko å gi og alle treng ei hand. Vi brenn for at menneske skal møtast og gjere kvarandres liv rikare. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats kan vise seg å vere meiningsfullt for deg!
Opningstider
Frivilligkoordinator vert vekke frå Frivilligsentralen ei tid framover.
Ynskjer du låne lokalene våre, ta kontakt med dei tilsette i biblioteket på telefon eller e-post!
Har du spørsmål kan du ringe sentralen sin telefon, da vil andre tilsette ta kontakt med deg så fort som råd er!
Vi låner ut romma våre
Rutinar for utlån:
Om du ønskjer å låne rom hjå oss, ta kontakt med ein av oss tilsette i Kultursmia. Kultursmia er biblioteket og frivilligsentralen.
Kom innom oss eller ta kontakt på epost frivilligsentral@osteroy.kommune.no eller biblioteket@osteroy.kommune.no
Du kan og ringe oss:
frivilligsentral: 45375246 eller biblioteket: 56192600
Ver spesifikk på kva rom du ønskjer eller har behov for, så hjelper vi deg.
Den som låner rom må vere over 18 år.
Nøklar lånast ut frå biblioteket i deira opningstid. Du må ha lånekort i biblioteket for å låne nøklar. Om du ikkje har lånekort, så hjelper dei deg på biblioteket.
Om du skal arrangere noko som krev tilkopling til skjermer, lydanlegg, teleslynge eller anna, gi beskjed om det, så skal vi syte for at du vert vist korleis du gjer det.
Utlån må avtalast seinast to døgn før sjølve lånet. Måndag må avtalast seinast fredag.
Romma har gratis wifi med sms-autentisering.
Kan du bidra?
Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig. Du kan gi beskjed på fleire måter:
- Ring Solveig på 45375246
- Sende ein epost til solveig.hojem@osteroy.kommune.no
eller
- Melde deg ved å trykke på ein av boksene under.
Osterøy Foreningsportal
Frivilligsentralen administrerer nettsida "Kva skjer på Osterøy? Osterøy Foreningsportal". Dette er ei nettside der du finn all kontaktinformasjon om lag, forbund og andre organisasjonar på Osterøy. Du kan lese litt om dei ulike og finne aktivitetane deira i kalenderen. På framsida av portalen finn du og ressursar for frivilligheita med meir.
Kva skjer?
| Dato | Kl. | Tittel | Sted | 
|---|---|---|---|
| Man 03.11 | 16:00 | Språktreffet! | Osterøy bibliotek og utstyrssentral | 
| Man 03.11 | 19:00 | Klatring | Osterøyhallen | 
| Tir 04.11 | 15:00 | Digitalisering av fotografi på biblioteket i Lonevåg | Osterøy bibliotek | 
| Tir 04.11 | 17:00 | Småbarnsong | Kyrkjesenteret (Lonevågen 5) | 
| Ons 05.11 | 12:00 | Babysong | Osterøy bibliotek (Lonevågen 5) | 
Aktivitetar
Her finn du litt informasjon om det vi driv på med i sentralen. Klikk for mer info.
Nyhende
Retningslinjer for Osterøy Frivilligsentral
Her kan du lese retningslinjene for drifta av Osterøy Frivilligsentral!
Om oss
Osterøy Frivilligsentral er ein livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig møteplass i Lonevåg sentrum. Sentralen kan ha eigne aktivitetar, men vi samarbeider også med lag, organisasjonar og forbund på Osterøy. Ta kontakt via telefon, mail, sosiale media eller kom innom oss i sentralen.
 
                        
                    
                    