Frivilligsentralen er nedlagt!

Denne sida vert sletta 15.februar 2026!

Vi låner ut romma våre

Rutinar for utlån:

Om du ønskjer å låne rom hjå oss, ta kontakt med ein av oss tilsette i Kultursmia. Kultursmia er biblioteket og frivilligsentralen. 

Kom innom oss eller ta kontakt på epost frivilligsentral@osteroy.kommune.no eller biblioteket@osteroy.kommune.no

Du kan og ringe oss:

frivilligsentral: 45375246 eller biblioteket: 56192600

Ver spesifikk på kva rom du ønskjer eller har behov for, så hjelper vi deg.

Den som låner rom må vere over 18 år.

Nøklar lånast ut frå biblioteket i deira opningstid. Du må ha lånekort i biblioteket for å låne nøklar. Om du ikkje har lånekort, så hjelper dei deg på biblioteket.

Om du skal arrangere noko som krev tilkopling til skjermer, lydanlegg, teleslynge eller anna, gi beskjed om det, så skal vi syte for at du vert vist korleis du gjer det.

Utlån må avtalast seinast to døgn før sjølve lånet. Måndag må avtalast seinast fredag.

Romma har gratis wifi med sms-autentisering.

2026 © Osterøy frivilligsentral